Hjem

Nyheter

Dei SALTe matrosane har hatt storfint besøk på Ekebergsletta dei siste dagane!

Statsminister Erna Solberg og kulturminister Trine Skei Grande var innom standen vår og fekk prøve seg på «plast i havhest»-aktiviteten, der dei skulle måle opp 32 gram plast på kjøkkenvekta.
32 gram plast tilsvarer mengden plast eit menneske på 80 kilo hadde hatt i magen dersom den åt som havhesten. (Ein havhest 750 gram har i følge OSPAR gjennomsnitt 0,31 gram plast i magen).

SALTe matroser strålar om kapp med sola (og smelter vekk) på Ekebergsletta denne veka.
SALT samarbeider med Norway Cup - world's largest youth soccer tournament i prosjektet Blue Goals, finansiert av Miljødirektoratet.
I Blue Goals arrangerer Norway Cup strandryddekonkurranse for alle påmeldte lag, og SALT står for spenstig formidling om marin forsøpling.

Kom innom på besøk og mål opp kor mykje plast i magen du hadde hatt om du var ein havhest eller prøv deg på den nervepirrande «kjenneboksen". :-)